Jan Beitohaugen Granli

Talentskolen – Konsert med Jan Beitohaugen Granli

Magasinet på Sigdal museum

Konsert i forbindelse med Talentskolen 21. november kl. 19.00

Jan Beitohaugen Granli
A-klassespellemann på hardingfele

Billett kr. 100,-

Jan Beitohaugen Granli, norsk hardingfelespelemann frå Øystre Slidre, utdanna ved Folkemusikkstudiet i Rauland og Spelemannsskulen ved Ole Bull Akademiet. Fremste læremeister har vore Trygve Bolstad, andre inspiratorar og læremeistrar er Harald Røine, Tore Bolstad, Magnus Daleng, Olav Jørgen Hegge og Knut Bolstad. Beitohaugen Granli er kjent som ein framifrå dansespelemann og har vore mykje brukt i ly og lag og på kappleik. Han har vore ein aktiv kappleiksspelemann og har mange gode plasseringar å vise til. Landskappleiken har han vunne fem gonger: 2002, 2004 (kongepokal), 2006, 2007 og 2009. Fanitulltevlinga på Ål har han vunne fire gonger.

I 2003 debuterte Beitohaugen Granli med solo-CD-en Lite nemmar. I 2010 kom CD-en På Beitohaugen, ein CD som inneheld slåttar i familietradisjonen etter spelemannen Engebret Beitohaugen (1893-1963) og far hans Nils Beitohaugen (1863-1927).

Beitohaugen Granli arbeider til dagleg som frilans-musikar og lærar i musikkskulen i Valdres.

Posted in Nyheter.

Legg igjen en kommentar